Ein trafikkdirigent som leia trafikken gjennom Bømlafjordtunnelen på grunn av vegarbeid, vart i kveld påkøyrt av ein bilist som braut ut av køen.

Det var kl. 19:26 at politiet mottok meldinga om at vedkomande som dirigerte i nordre enden av tunnelen var blitt påkøyrt av den utålmodige bilisten. Bilføraren stoppa heller ikkje etter å ha køyrt på trafikkdirigenten, men fortsette heilt til han vart stansa  i andre enden av tunnelen.

-Trafikkdirigenten vart teken med i ambulanse til Stord sjukehus med smerter i ryggen. Bilføraren, ein 60 år gamal mann frå Karmøy, fekk beslaglagt førarkortet sitt, opplyser operasjonsleiar Torger Stødle ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.