Fotballgruppa i Fitjar IL melder at trenarkabalen for sesongen 2012 har gått opp.

Hovudtrenar for A-laget til Fitjar IL i 5. divisjon for menn blir Kjell Træet, som var hjelpetrenar i fjor. Med seg i trenarteamet får han Rune Brakedal og Trond Henriksen. Det blir altså ikkje mangel på kamperfaring på trenarbenken til Fitjar i år.

Kjell Træet fortel til Fitjarposten at han ser med optimisme fram mot årets sesong. Treningane begynte for alvor 9. januar, og no blir det minst tre treningar i veka framover vinteren. A-lagsstallen tel 19 spelarar, og inneheld fleire forsterkningar i høve til same tidspunktet i fjor. Jan Åge Tislevoll er heime att etter eit år i militæret. Øyvind Fykse Lie er med for fullt, og det same er Helge Træet, som ikkje har budd i Fitjar dei siste åra. Thomas V. Waage er tilbake i full trening etter å ha fått øydelagt mesteparten av fjorårssesongen på grunn av beinbrot. Av spelarane frå i fjor er dei fleste med framleis, sjølv om eit par av dei er i militæret fram til sommaren.

I tillegg til dei 19 A-lagsspelarane vil fire-fem gutespelarar vera med på treningane, og eit par av desse vil nok få sin debut på A-laget i løpet av sesongen. Med så mange gode fotballspelarar i troppen meiner Kjell Træet at Fitjar bør kjempa i toppen av årets serie. Ein viss peikepinn får me kanskje allereie førstkomande onsdag, når Fitjar møter Solid til treningskamp i Hustredalen. Trenaren fortel at han vil prøva å få til mange treningskampar utover vinteren. Til helga vonar han å møta Trott, og om eit par veker står truleg Halsnøy for tur.

Kjell Træet meiner Fitjar kan sjå lyst på sesongen som er i emning.

– Desse spelarane er altfor gode til å spela i 5. divisjon, seier han. Sjølv har ikkje Kjell bestemt seg for kor mykje han vil spela sjølv i år.

– Men tida med 90 minuttars kampar er nok over for min del, avsluttar ein optimistisk Fitjar-trenar.