Mange takka ja til ein triveleg føremiddag på bedehuset i dag.

Reidun Ahrens Helland ønskte alle velkomne og Terje Koløen heldt andakt. I innleiinga viste han nokre ting som fekk borna til å følgje godt med mens han fortalde påske-evangeliet i korte trekk. Elias var ein av dei som kunne svare på mest alle spørsmåla som Terje kom med.

Etter bordverset kunne alle gå inn i veslesalen og forsyne seg med tebriksar og mykje godt pålegg. Borna sette pris på varm kakao, og dei fleste vaksne kosa seg med kaffi.Song og pianospel høyrde og med i programmet, og Aud Vedøy hadde laga ein konkurranse om påskebodskapen. Småbord rundt i salen var fint pynta med gule lys og små vasar med påskeliljer og lyng. Så vidt me veit var det ingen som var opptekne av aprilsnarr, men den dukka kanskje opp i heimane etterpå. Litt større born likar godt å narre nokon.