Laurdag som kjem (28/11) kan du sleppa å laga grauten heime. Du kan få kjøpa han på Julemessa til Fitjar Bedehus!!! Og søndag kan du bli med på Adventfrukost!!

Tradisjonen tru vert det i år òg julemesse på Fitjar Bedehus. Ho startar opp klokka 11.30 med sal av graut. Det vert loddsal og trekning før Barnegospelkoret syng klokka 13.30. 

Klokka 16.30 er det mogeleg å få kjøpe meir lodd og vera med i trekning av mange flotte gevinstar. Fitjarbrørne vert med og syng.

Søndag kl 11.00 er det så duka for Søndagsskulen sin Adventfrukost. Ta med brødmat og pålegg til felles kaldtbord. Sjå plakat her.

Kom og bli med på Bedehuset denne helga !!