Innbarka osternesingar, tilflytta osternesingar, utflytta osternesingar og nokre andre samla seg til tradisjonsrik julefest på Osternes bedehus 12. dag jul.

Det var nærast heilt fullt av folk på det gamle bedehuset og bilane utanfor var stua som på dei trongaste danmarksferjer då Nils Ingmar Hageberg ønskte velkomen til julefest. Den andre julefesten denne jula på bedehuset i Osterneset, den såkalla «vaksenfesten:» I Osterneset held dei tradisjonane i hevd, og oppmøtet synte at folk set pris på det.

Første del av festen var samling kring juletreet med lysande stjerne i toppen. Der fekk festlyden høyra Eli Simonsen lesa juledikt om stjernelys, lytta til Anne Marie Røed som hadde andakt om lyset som kom til verda og høyra Osternes mannskor syngja kjende og kjære julesongar.

Andre bolk av festen bestod av matservering og quiz rundt borda i matsalen i kjellaren. Quizen var ny av året. Menyen var som alltid  flotte smørbrød og festkaker. Har ein først fått benka seg rundt borda på bedehuset i Osterneset, kjem ein seg ikkje lett derifrå. Praten sit laust, maten smakar godt og ein sit så tett at det ikkje er råd å reisa seg om ikkje den ved enden av bordet går først. Slik var det og på denne festen.

Under siste del av programmet samla dei seg tradisjonen tru nok ein gong rundt juletreet i storsalen. Det vart meir song av Osternes mannskor, opplesing ved Harald Johan Sandvik og sist, men ikkje minst, juletregong. Juletregong med heile tre ringar rundt treet.

Ein særs vellukka, tradisjonsrik og kjekk julefest, sa dei festdeltakarane eg snakka med etterpå, og det seier eg meg hjartans einig i.