Tradisjon tru stod NMS si foreining for Jonsokbasar på Fitjar bedehus. På sjølve jonsokafta vart det fult rundt borda i hovudsalen. Mange frå den eldre garde, men og mange av dei yngste hadde funne vegen til bedehuset denne fine ettermiddagen. Jonsokbasaren føl gamle tradisjonar med to åresal, andakt, ei god matøkt, allsong og trekking av hovudbøker. Mange gjekk heim med flotte handarbeide eller anna dei hadde vunne, og foreininga hadde med dette samla inn ein god slump med pengar som går direkte til Det norske misjonsselskap sitt arbeid.

Send gjerne inn lesarbilete/lesarartikkel frå di feiring av Jonsok!