Etter suksessen sist, er det igjen klart for Tour de Svartavatnet med start i Fitjar sentrum.

-Det heile skjer førstkomande laurdag med start kl. 11.30 for dei som vil bruka litt lengre tid, og kl. 12.00 for dei som trur dei brukar lita tid :-), skriv Roger B. Svendsen i Stord SK.

Starten er i altså i Fitjar Sentrum og målgang er er ved foten av Svartavatnet.

-Hugs å ta med tørre klær til nedturen. Klede vert frakta opp rett før start kl. 11.30, legg Svendsen til, og understrekar at det er berre å ta med sykkelen å stilla opp. ALLE med sykkel kan stilla.

Det vert òg trekking av premiar på startnummer etter at ein gått i mål.