Politiet går ut med totalforbod mot bruk av open eld utandørs. Det har vore ein stor brann i Sveio og politiet ber folk visa omsyn til den store brannfaren.

På grunn av lite nedbør og mykje vind er det framleis stor brannfare både på Fitjar og i store deler av landet elles, og Haugaland og Sunnhordland politidistrikt går ut med totaltforbod mot bruk av open eld utandørs i heile politidistriktet. 

Tidleg laurdag morgon fekk politiet melding om brann i og omkring Vandaskog skule i Sveio. Det gamle skulehuset brann ned, 20 bustader i området vart evakuert og om lag 100 mål blei svidd av i brannen. Brannvesenet har no kontoll over flammane og etterslokkingsarbeidet, og alle dei evakuerte bebuarane har no fått lov å returnera til heimane sine.

Nok ei alvorleg påminning om dei store utfordringane som ligg i knusktørt landskap og at ein må ta omsyn til den svært store brannfaren!