Torstein Grimen (V) fungerer for tida som utvalsleiar i plan og miljø i plassen for Rune Sandvik (H) som har alvorleg sjukdom i familien.

I ei pressemelding frå ordføraren heiter det:

«Rune Sandvik (H), som er medlem av  Fitjar kommunestyre og leiar i utval for plan og miljø, har alvorleg sjukdom i familien.  Han har fått stadfesting frå lækjar at han inntil vidare må verta friteken for sine politiske verv i kommunen.  I denne tida vil Torstein Grimen (V) fungera som leiar i utvalet, medan det vil verta kalla inn vara i  Rune Sandvik sin stad.

Det vil verta sendt ut ny orientering når Rune Sandvik kan ta del i det politiske arbeidet att.»