I helga var rundt 20 menneske samla i Straumøyo for å læra å mura av kursleiar Håkon Aase.

Kva får nokon til å frivillig bruke 2 haustlege dagar  i november med varmedress, spett og slegge i ei steinur på Straumøy? Der var nemlig ein gjeng samansett av folk frå Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes, Austevoll, Meland og Sandane fredag og laurdag, med eit  felles mål. Målet var å  lære om tørrmuring.  Tørrmuring er  ”muring med stein utan bindemiddel”, og det er eit universelt og tidlaust handverk.  Lærar på kurset var Håkon Aase,  som har gjort dette til ein leveveg,  men den flotte ramma rundt dette kurset med  opphald på ein ekte kystgard  hadde han ikkje fått vore med på før.

Dagane gjekk med til å få mykje praktisk erfaring med å finne rett stein på rett plass sett saman på ein måte som skulle få muren til å stå i minst hundre år. Nokon måtte bearbeidast med slegge og meisel for å legge seg stødig til rette . Det var og viktig at kvar stein hadde eit godt ”lege”  slik at dei band saman muren, og at det ikkje vart nokon ”bandtjuvar”. Var det kome ein ”bandtjuv” i muren  kunne dette i nøda løysast med ein ”frelsar” over. Eit hovudprinsipp for å få ein god mur er i tillegg å ha eit godt fundament og ha god drenering. Dei tre arbeidslaga fekk øvd seg i teamarbeid, noko som såg ut til å fungere svært godt. Det var murane etter husmannsplassen Nordre Dalen som skulle restaurerast. Det er lenge sidan husmannen Lars og Karen Kristine budde i den lune vika. Her hadde dei 3 storfe og 3 småfe, sauehus, løe og ny glasstove i tillegg til gamlestova. Kanskje Karen Kristine tok med seg husa da ho flytta etter at Lars døde i 1856? Mykje av murane var samanrasa og kanskje noko fjerna, så noko detektivarbeid måtte til ved oppattbygginga.

Til måltida vart kursdeltakarane benka i gardshuset og servert rikeleg med mat av beste slag av gardsfolket Maien og Ole Petter  Koppang. Då haustmørket sank på var det  tid for teoridelen, og i stabburet vart 20 menneske sett  tett og godt saman for å få undervisning.

Dei som overnatta fekk med seg ein mørk haustkveld med talglys og vinden og regn på glasa samla kring eit langt kveldsmåltid med  historier om fiskebonden og hans familie i glede og motgang, samt historier langt vekke frå, til dømes Sandane og Nordhordland.