Niande klasse ved Rimbareid barne- og ungdomsskule går no rundt i bygdene og sel toalettpapir og tørkepapir til inntekt for klassetur til Polen i september. – Det kostar 260 kr per sekk, og av dette går 100 kr til klasseturen. Ta godt imot ungdomane og takk for støtta! Viss du ikkje får besøk, kan du kontakte ein 9.-klassing i ditt nærområde for bestilling. Du kan òg kontakta dugnadskomiteen ved Per Steinar Leirvik (tlf. 970 59 027) eller Reidun Sørensen (tlf. 957 89 457). Siste frist for bestilling er 10. november, melder Reidun Sørensen på vegner av dugnadskomiteen.