Her kjem gruppeleiar Toralv Røen sine svar på FP sine spørsmål.

Spørsmåla er:

1. Kva ser de på som den viktigaste politiske satsinga i 2013?

2. Korleis vurderer de situasjonen innan skule og helse no?

3. Me har fått ein del signal om at det er satsa for lite på kultur? Kva tankar har de om det?

4. Om Fitjar uventa hadde fått 50 millionar ekstra, kva ville de ha brukt dei til?

Her er svara til Toralv Røen:

1. Byggjinga av ny skule. Utan skatten frå vindmøllene, ville me ikkje kunne starta dette arbeidet no.

2. Vil alltid vera område her som kunne vore ynskjeleg å forbetre. Men ser me kring oss har me ein god skule og ei god helse/eldre omsorg i Fitjar. 

3. Me har sett av ekstra midlar innan kultur i 2013, for å avlasta kulturleiar med planarbeid som som skal uførast. Vidare har me kjøpt Losjehuset som skal brukast til kulturføremål når det vert fiksa opp. 2013 må vel vera eit av dei beste kulturbudsjetta på mange år.

4. Betala ned noko av den altfor store gjelda til kommunen og setja av midlar til fond, for å møta nye og uforusette saker som vil dukka opp. Rusta opp kommunale vegar. Setja av pengar til nytt orgel i kyrkja, oppretta heil stilling som organist i samarbeid med kulturskulen. Opprusta og gjera Osternes festning til den største turist- og kulturplassen i kommunen vår. Tilsetja ergoterapaut. Byggja gymsal/allbrukshus i Dåfjorden.