Denne helga har Toradertuppene samla seg for ei inspirasjons helg, med mykje speling og god mat

Fredag ettermiddag samla Toradertuppene seg for å skapa ny inspirasjon. På agendaen denne helga er det speling for alle krefter, lære nye sanger og å ikkje minst ha eit godt samhald. Dei skal spela heile fredagskveld, og til mat får dei god heimalaga betasuppe.  Lørdagen byrjar dei med fellesfrukost, før det langer ut med enda meir speling.

Inspirasjonskjelda deira denne helga er to damer frå Ølen, Synneva Langhelle Hallberg og Anne-Brith Skogen. Dei to har spela ilag i snart 10 år i ei gruppe som heitar Belgtøttene. Denne gruppa består av 8 stk, 6 på torader, 1 på kontrabass og 1 på gitar. Denne helga skal desse to damene lære bort gode teknikkar og mange nye og fine sanger.

Toradartuppene har tidligare gått ut med at dei ynskjer ein å som kan spela bass, dette ynskje står fortsatt  ved lag.