Dette kunne me lesa i Fitjarposten.no i går, og det vart grunngjeve kvifor prisen går til henne. I dag fekk ho besøk av ordførar Harald Rydland og kultursjef Elise Aarbø.

Ordføraren gratulerte med Fitjar kommune sin Kulturpris for 2010 og overrekte ein blomebukett. Seinare i desember skal det vere høgtidleg overrekking av sjølve prisen i Kulturhuset. Tora seier  det er ei stor ære å få denne prisen og svært overraskande.

Ho song si første vise offentleg  på Losjehuset 1949, den kjende Tinghusvisa.  Mange viser og små skodespel vart forfatta i lag med gode naboar, og dei akkompagnerte sjølve med gitar og trekkspel. Kor mange viser og songar det har blitt alle desse åra er ukjent. Nokre av tekstane har gått i gløymeboka, men minst 40 av dei står i boka Håtta du? som kom ut i 2003. Det følgde og ein cd med denne boka. Til Krambuvisa og visa om Besten laga Tora melodiane sjølv. Fleire av Tora sine kjende og kjære viser har blitt framført på jubileumskabaret i Kulturhuset dette året. Og når prisen skal delast ut ved ei offentleg samkome nærare jul, får me nok høyre meir av viseskatten til Tora Vestbøstad.