Torevêret i natt førte til straumbrot fleire plassar i Fitjar kommune.

Det var i det heile ei svært travel natt for kraftlagsfolka i det straumen forsvann mange plassar. Dei råka områda var Tufteland, Skumsnes, Landa, Novo, Storavikjo – pluss store delar av øyane. 

– Bortsett frå Fodno, som diverre enno må vente nokre timar, er straumen no tilbake att dei andre plassane, fortel kraftlagssjef Ole Vidar Lunde til fitjarposten.no.