Styret i foreninga Tora Mostrastong gjorde i dag kjent at Mostrastongprisen 2015 går til stordabuen Gerda Rongevær for hennar sterke humanitære engasjement i Uganda gjennom barneheimen Toro Babies i Fort Portal i Uganda. På biletet frå kunngjeringa i dag, ser me: F.v. Frode Larsen, Roald Sangolt, Gerda Rongevær, Johannes Hjelland og Haldri Karin Engenes. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Å oppleve at det ein gjer vert sett pris på med ein slik pris er sterkt. Det er noko eg kjenner med kvar celle i kroppen, sa Rongevær i pressekonferansen i samband med kunngjeringa av prisen.

Med bakgrunn i sin grunnleggjande evne til empati med svake grupper og ueigennyttig innsats, har Gerda Rongevær skapt eit samarbeidsklima med lokale krefter i Uganda heilt frå grasrota og opp til den politiske leiinga i distriktet og landet. Samstundes har ho hatt ansvar for ei økonomisk støtte til prosjektet ved å engasjera støttegrupper her heime i Noreg.

Gerda Rongevær er omsorgsarbeider frå Stord. Gjennom organisasjonen Toro Child Care Center driv ho Toro Babies Home i Fort Portal i Uganda. Om ho bur på Stord, har ho jamleg kontakt med arbeidet i Uganda – og vitjar òg landet med jamne mellomrom.

Prisen
Om prisen heiter det på www.toramonstrastong.no: 

«Prisen skal delast ut til ei kvinne som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats – lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Styret vil i si vurdering leggja vekt på eigenskapar som styrke, mot og omsorg, arbeid for menneskerettar og likeverd, og innsats som kulturberar og samfunnsbyggjar».

Men det er slett ikkje berre lokale kvinner som har fått denne prisen. 
Tora Mostrastongprisen har blitt delt ut kvart år sidan 2009, og tidlegare prisvinnarar er: Hanne Sophie Greve, Kronprinsesse Mette Marit, Astrid Nøklebye Heiberg,  Anne Randine Øverby, Sunniva Gylver og Ingvill Konradsen Ceide.

I år var det 10 kandidatar å velje mellom, men prisutdelarane vil gjerne ha fleire kandidatar til framtidige utdelingar.

Fitjar er representert i styret.
Fitjar representert i styret for Foreninga Tora Mostrastong med Ann-Sofie Drønen. Elles i styret sit: Johannes Bernard Hjelland (leiar),  Roald Sangolt (styremedlem), Helen Leversund (kasserar; styremedlem), Haldri Karin Engenes (sekretær; styremedlem), Frode Larsen (styremedlem), Bjørn Meling (varamedlem).

Gerda Rongevær med statuen som ho har gjort seg fortent til. Foto: Håkon C. Hartvedt