Tor Koløen i Fitjar har krangla med Fitjar kommune om trafikken som går forbi huset hans. No skal han møte staten i rettssak i mars. Foto: Fitjar kommune/Kjetil Rydland

– Det er så hakkande gale. Eg kjenner meg som David mot Goliat, seier fitjarbuen.

I ei årrekkje har Tor Koløen krangla med Fitjar kommune om ein asfaltbit, som er ei forlenging av vegen som går forbi huset hans i Koløen i Fitjar.

Stridens kjerne er at Fitjar kommune meiner Koløen han sett opp ulovlege sperringar i vegen for å hindre at trafikken kjem for nærme huset hans.

Kommunen har gjentekne gonger gitt han pålegg å fjerne sperringane, men Koløen meiner han har rett til å markere kor eigedomen hans er, for å hindre at bilar køyrer for nært inntil huset hans.

Ulovlege sperringar

For eitt år sidan gjekk ei sak for Sunnhordland tingrett der advokatutgifter knytt til vegtriden var tema. Den saka vann Koløen, på bakgrunn av at Fylkesmannen i Hordaland avdekka sakshandsamingsfeil av Fitjar kommune.

Men vedtaket til Fitjar kommune blei ståande. Sprerringane er vurdert som ulovlege, noko som også er stadfesta av Fylkesmannen.

Koløen varsla då at han ville klage saka inn til Sivilombodsmannen, noko som ikkje vann fram. I mellomtida har han i samråd med advokaten klaga saka inn til kommunal- og moderniseringsdepartementet. Då dette ikkje førte fram blir det no rettssak.

– Eg spurte advokaten min om me har sjanse til å vinne fram. Då seier han at han at viss eg ikkje har sjanse så hadde han ikkje anbefalt rettssak, seier Koløen.

– Om me vinn må Fitjar kommune gi seg

- Annonse -

Koløen trur rettssaka blir det endelege punktumet i saka.

– Viss me vinn saka må Fitjar kommune gi seg. Eg kan ikkje tenkje meg noko anna. Eg synest dei har rent horna av seg no.

– Og viss du tapar?

– Det tør eg ikkje seie noko om no.

Advokat Haldor Tveit representerer Tor Koløen. Foto: Advokatfirmat Sunnhordland

Urettferdig behandla

Advokaten til Koløen, Haldor Tveit, seier at kjensla av å vere urettferdig behandla er ein viktig årsak til at klienten hans tek saka vidare.

– Dette går på at han kjenner seg forferdeleg urettferdig behandla av Fitjar komune. Han meiner at han ha rett til å legge ut steinane på sin eigen eigedom. Me har tru på at det er sjanse for å vinne fram.

At det er staten som skal møte i retten har bakgrunn i at det er fylkesmannen sitt vedtak som dei skal forsøke å overprøve.

– Utgangspunktet for rettssaka er vedtaket om fjerning av steinane som blei fatta av Fitjar kommune i si tid. Det blei påklaga fylkesmannen. Då er det sånn at når dei har fatta det siste vedtaket, så er det staten og departementet som er rette saksøkte. Det er grunnlaget for at det er staten me skal møte i retten.

Slapp å betale

Paralellt med dette har dei klaga på eit rettsbrotsgebyr på 10.000 kroner som fylkesmannen har ilagt Koløen, som vart sett ned frå 40.000 kroner. Her vann dei fram.

– Staten såg at vedtaket om rettsbrotsgebyr var utan heimel, og bad om at fylkesmannen tok ei ny vurdering. Då vart heile gebyret fråfalt. Då sat me igjen med vedtaket om at steinane måtte fjernast.

Rettssaka skal gå for Sunnhordland tingrett i midten av mars.