Fitjar vann i går 3-2 over Vestsiden-Askøy og toppar no tabellen i si gruppe i 5. divisjon. Men det kunne lett blitt annleis.

– Eg brukar sjeldan å kjefte på gutane, men i pausen denne gongen var eg skikkeleg arg, seier trenar Kjell Træet til fitjarposten.no etter kampen.

Bakgrunnen for det var at Fitjar starta flott, skåra eit tidleg mål (ein flott markkrypar frå Mats Brakedal) og hadde god kontroll på kampen. Så misser fitjarspelarane fokus og inviterer akskøyspelarane inn i spelet. Askøykarane takker for gåva, skårar to kjappe og kunne lett putta på eit tredje og eit fjerde òg med litt flaks.

Eit flott mål av Øyvind Fykse Lie, som dundra ballen i nettmaskene på direkten etter eit innlegg frå Leif André Tangen, retta opp mykje.

Tordentalen til Kjell Træet såg òg ut til å hjelpe. Det var eit heilt anna Fitjar-lag som synte seg fram den første halvtimen i 2. omgang. Etter fem minutt snappa Mats Brakedal ein retur, og det stod 3-2 til Fitjar.

Det siste kvarteret av kampen fall Fitjar, til trenaren si store fortviling, tilbake i dei same syndene som i slutten av 1. omgang. Det kunne dei lett ha fått svi for, men det gjekk lukkelegvis bra denne gongen.

Svært positivt er det uansett at Fitjar sitt A-lag no kan ta ferie som serieleiar i 5. divisjon avd. 01.