Kristeleg folkeparti-politikarane Knut Arild Hareide og Astrid Aa. Byrknes vitja Fitjar og vindparken i Midtfjellet i dag.

Knut Arild Hareide er partileiar i KrF, Astrid Aa. Byrknes er KrF-ordførar i Lindås, og dei står som nummer ein og to på Hordaland KrF si liste for stortingsvalet 2013. Dei vart ynskt velkomen til Midtfjellet av dagleg leiar i Midtfjellet vindkraft Johannes Koløen, og vart skyssa rundt i parken i el-bil, køyrd av gruppeleiar i Fitjar KrF Harald Rydland. Med på turen var og fylkessekretær Kari Skår Sørheim, kommunikasjonssjef Mona Høvset, tidlegare stortingspolitikar Ingebrigt Sørfonn, dei lokale KrF-ane Johannes Nesse og Rasmus Fitjar og KrFU-ane Turid Marie og Solveig Lambach Fitjar. Johannes Sandvik var med for å informera om Tiltaksplan for Fitjarfjellet, og på slep hang eit knippe fotografar og skribentar frå Sunnhordland, Haugesunds avis og Fitjarposten.

Med vindkraft i motoren vart politikarane frakta opp til mølle b12, der Hareide snudde ryggen til mølleparken, naut utsynet og utbraut:
-For eit fantastisk øyrike!

Fitjar synte seg frå si beste side med sol, klårver og vidt utsyn. Vinden var sterk, men mild, og bak det flotte øyriket kunne stortingspolitikaren sjå heilt til Bømlo og til barndomsheimen sin på Rubbestadneset.

Akkompagnert av vindsus og møllesus informerte Johannes Koløen kort om vindparken frå ideen vart lansert i 1997 og fram til den siste av dei 44 vinmøllene vart reist 27. juli 2013.  Vindparken på Fitjar er den største vindparken i Noreg og Koløen minna om at den er svært viktig for landet med tanke på å nå målet som er satt for auka produksjon av fornybar energi. Når heile parken er i drift forventar ein ein årleg produksjon på 350 GWh, noko som gir energi til omkring 17 500 husstandar. For å stetta etterspørselen etter straum på Fitjar treng berre tre av møllene sviva.

Johannes Sandvik overtok ordet for å presentera tiltaksplanen for Fitjarfjellet. Det er Fitjar grunneigarlag og Fitjar kommune som står bak planen, i tillegg til at mange ulike lag og organisasjonar har teke del i idedugnadsarbeidet i forkant av utarbeidinga av planen. Det systematiske arbeidet som er gjort på dette området er unikt og dei tilreisande politikarane spissa øyrene då Sandvik på sitt roleg vis la fram planen som bygge på visjonen: Nye, positive, samfunnsretta tiltak og aktivitetar som så langt det er mogleg skal kompensera for moglege negative sideeffektar av vindmølleutbygginga. Sandvik nemnde spanande tiltak i fleng: Skiløyper, lysløype, skitrekk, akebakke, feltskytebane, båt for rørslehemma, service-område, gjenreising av gamal seter, gapahukar, utsiktspunkt, dyrking, moderne seterdrift og mykje meir. Og til slutt den kanskje spenstigaste ideen av dei alle: Oppvarma, friluftsbasseng med utsyn både mot Hardanger og Bømlo, oppvarma av spelvarmen frå trafostasjonen.

Både Hareide og Byrknes var klar over at det er delte meiningar om bygging av vindparkar og dei kjende til dei konkrete diskusjonane rundt vindparken i Midtfjellet, men dei ville ikkje uttala seg om dette anna enn å visa til at bygginga av parken her var basert på ein demokratisk prosess og at fornybar energi er viktig. Men det dei begge gjerne ville sei noko om, var kor stor sans dei hadde for ideane i tiltaksplanen og at dei syntes det var svært positiv at ein no ser på dei nye moglegheitane ein har fått og så finn på ting som kan koma felleskapet til gode. Astrid trekte i tillegg fram det positive med at ein hadde trekt inn rådet for funksjonshemma i arbeidet med planen og tiltaka, og at det var tenkt på universiell utforming.
-Dette er verkeleg flotte tiltak for folkehelsa, avslutta Byrknes, som i dag er ordførar i Lindås kommune.

Begge politikarane, som siktar mot fire år med nasjonal makt, ynskte grunneigarlaget, kommunen og resten av bygda lykke til med å få gjennomført tiltaksplanen, som vil krevja både vilje og prioritering hos mange. Og Knut Arild var meir enn klar, ikkje berre til å koma i regjeringsposisjon, men og til å koma attende til Fitjar og Midtfjellet, med ski og badebukse i bagasjen.

Etter besøket på Fitjar gjekk turen for reisefylgjet vidare til Tysnes, og for Hareide sin del vart dagen avslutta i Rosendal med deltaking i Sommeråpent.

Etter å ha fått omvising ved trafostasjonen er Knut Arild Hareide klar for å fraktast vidare i el-bilen til Harald Rydland, for høvet køyrd på rein vindkraft. Foto: Helga Rimmereid