Sola skein under Rimbareid ungdomsskule sin idrettsdag i går då 8. 9. og 10. klasse nok ein gong skulle konkurrera om siger.

Elevane møtte opp på idrettsbanen rundt kvart på ni, og deretter var det rett på aktivitetane som var: kulestøyt (styrke), 60m (hurtigheit) og lengdehopp (spenst). For å få idrettsmerket måtte me klara krava, og samtidig var det konkurransar inne i klassane om å bli klassemeister.

Konkurranseinstinkt var det i bøttevis, og fitjarelevane gav verkeleg alt i øvingane, noko som viste igjen på poenga.

Når kvar klasse hadde vore gjennom alle stasjonane var det matpause med sal av pølser, is og brus. Etterpå var det tid for fotballturnering.

Kvar klasse stilte med kvar sitt lag, og det var elimineringsmetoden som galdt. I finalen var det eit overraskande godt 8A-lag, som stilte mot eit meir erfarent lag frå 10A. Etter ein jamn kamp og eit mål til kvart lag, var det straffesparkkonkurranse der 8A trakk det lengste strået og tok sigeren heim med eit mål meir.

Sjeldan har det vore ein så vellykka idrettsdag med så høge poengsummar, og det fine vêret  toppa det heile.