Tone S. Brakedal deltar på Peab-lekene (tidlegare NCC-lekene) på Osterøy denne helga, og har gjort det bra, melder friidrettstrenar Bård Inge Bø.

Dette stemnet er ein krinskamp mellom fylka frå Sogn og Fjordane i nord til Agder i sør. I dag har Tone oppnådd ein flott 2.-plass i lengde med resultatet 5,12 m. Dette er ein solid ny pers og ei forbetring av Gjertrud Hartvedt sin klubbrekord i 14-årsklassen. Den lyder på 5,01 og blei sett på Kongsberg 28. august 1993, altså så å seie på dagen for 20 år sidan. To år seinare, då Gjertrud var 16 år, hoppa ho 5,14.

Lengdekonkuransen i går blei vunnen av Karoline Daland frå Sørild med eit kjempehopp på 5,29 i siste omgang, etter at ho og Tone hadde bytta på å leie heile konkurransen igjennom.

På 60 m hekk var Tone storfavoritt, og sprang seg lett vidare frå forsøket med tida 9,67. Men i finalen snubla ho i ein hekk og datt. Dermed kunne Kari Kuvaas Herting frå Bergens turn stikka av med sigeren på tida 10,09.

Søndag ventar tresteg, 60 m og stafett for Tone.