Denne gongen gjeld det 60 m hekk under Tyrvingleikane.

Bård Inge Bø har sendt oss Tone sine resultat. Tyrvingleikane er uoffisielt NM for utøvarar under 15 år. Tone vann 60 m hekk på 9,78 i sterk motvind. Truleg er det hennar beste løp på denne distansen, skriv Bård Inge. Elles nemner han dei andre resultata til Tone:
– 4. plass i lengde med 4,89 (to cm frå andreplass).
– 9. plass på 60 m med 8,26 i forsøket (to hundredelar frå finaleplass).
– 12. plass i høgde med 1,40 m, og i dag 5. plass i tresteg med 10,37.

Det siste er svært bra i konkurranse med dei beste i landet på det desidert største stemnet i landet, understrekar Bård Inge Bø. Tone sjølv var nok litt skuffa, men ho slit med ein lyskeskade frå i vår, står det til slutt i e-posten.