Tone Sandtorv Brakedal sette pers i kvalifiseringa, men i finalen hamna ho utanfor sigerspallen med minst mogeleg margin.

Denne helga deltar Tone saman med dei største norske friidrettstalenta i UM i friidrett. Ungdomsmeisterskapen går av stabelen i Bærum Idrettspark, den finaste friidrettshallen i Noreg.

Under kvalifiseringa på 60 meter hekk vann Tone klart heatet sitt på 9,25. Ny personleg rekord i det ho sjølv skildrar som eit middels løp.

Berre ei av jentene hadde betre tid i innleiingsheata, og dermed hamna Tone i god posisjon i bane 4 i finalen. Den gjekk av stabelen for knapt ein time sidan, men Tone lukkast ikkje heilt.

Favoritten Ida Eikeng rasa fram til ein klar siger på 9,07. Andreplassen var innanfor rekkevidd for Tone, men dessverre enda ho på den sure 4.-plassen, berre ein hundredels sekund frå pallen. Tida 9,44 var nesten to tidelar bak persen som ho sette i innleiinga.

– Tone blei truleg så forskrekka over å sjå ei jente framfor seg at ho ikkje klarte å yta sitt aller beste, seier trenar Bård Inge Bø i ein kort kommentar til Fitjarposten.

60 meter hekk er beste øvinga til Tone, men ho deltar også på 60 meter og 200 meter flatt og i lengde høgde. Dersom du vil få eit glimt av den lokale friidrettsstjerna vår i aksjon kan du sjå web-tv på denne linken til Asker og Bærums Budstikke.