Tone Sandtorv Brakedal sette personlege rekordar både på 60 meter og i lengde, men også fleire andre Fitjar-utøvarar markerte seg positivt under fredagens jomjulsstemne i Stord Idrettspark.

Elleve utøvarar i alderen 7-15 år utgjorde denne gongen den deltakande delegasjonen frå Fitjar under romjulsstemnet på Vikahaugane.

Tone S. Brakedal (13) viste at ho også vert å rekna med komande sesong ved å persa både på 60 meter med 8,20 sek. og i lengde med 4,92 meter. I høgde stoppa ho denne gongen på 1,40 meter, 5 cm bak pers.

«Sprintsøskena» Tranøy, med Henriette (14) og Jonathan (12) til førenamn, viste sitt talent på 60 meter og i lengde med minimal trening. Jonathan fossa inn til klar siger på 60 meter og hoppa 4,01 i lengde. Henriette fekk ein fin 4.-plass på 60 meter og markerte seg godt med ein habil lengdedebut. Desse to gler me oss til å få sjå meir til utover våren!

Ådne K. Vik (14) synte at forma er intakt i høgde med 1,49 m, 1 cm bak pers, og han hadde to svært gode forsøk på 1,54 m.

Av dei yngste synte særleg Joackim Malkenes Fitjar (9) fightereigenskapar på 60 m og i kule. Han vann heatet sitt på 60 meter med ny pers, og blei bestemann i kule i sin årsklasse. Dei andre rekruttane, Marius og Eirik Torbjørnsen, Anna og Johannes Sandvik Bø og Linnea Vestbøstad, gjorde også sine saker framifrå på 60 meter og i lengde.

Markus Kongestøl Vik (12) gjorde eit lite «come-back» på friidrettsbanen og presterte også opp mot personlege rekordar i sine øvingar.