Konserten med Tone Damli Aaberge og Fitjar got talent, som skulle vore arrangert søndag 1. desember, er utsett til søndag 20. januar.

– Grunna plateinnspeling i USA må diverre det annonserte arrangementet under Supersøndag i Fitjar flyttast frå søndag 2. desember til søndag 20. januar. Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, Fitjar Idrettslag og Fitjar Teaterlag som står som arrangørar beklagar dette overfor dei som hadde sett av dagen og bestilt / kjøpt billetter (som sjølvsagt blir refundert)! Det er lite me som arrangørar får gjort med dette, men gledelig er det at Tone likevel kjem til Fitjar 20. januar, seier Ole Bergesen til fitjarposten.no.

– Takk også til Fitjar kyrkje som flytta lysmessa til kl. 20.00 for å unngå arrangementskollisjon.

Me håper at flest mogeleg set av søndag 20. januar 2013 til ein flott konsert med Tone Damli Aaberge og Fitjar Got talent finale i Idrettshallen, legg han til.