Fredag ettermiddag fekk me oppleva noko så spesielt som tømmerfløyting i Vekslitjødno.

Ingen me har snakka med kan hugsa tømmerfløyting på Rydland dei siste 50 åra. Men i går fekk Fitjarposten vera med då Johannes Nesse fløytte tømmeret sitt over Vekslitjødno i Rydlandsskogen, rett sør for vegen til Svartasmoget. Han har kjøpt ein del velvaksne furutre på rot hos Kristen Rydland. Men det var ikkje så enkelt å frakta dei frå vestsida ov Vekslitjødno og opp til Fv. 545. Frosten uteblei i vinter, og dermed kunne han ikkje kjøra tømmeret over på isen.

Men Johannes Nesse let seg ikkje stoppa så lett. Fredag ettermiddag tok han med seg ei lita jolle og ein medhjelpar til Veskslitjødo. Dei slepte tømmerstokkane over etter å ha bunde saman tre-fire stokkar i høvelege knippe med tau og spiker. Transporten såg både trygg og triveleg ut då me kom nedom i det nydelege sommarveret fredag ettermiddag.

Johannes Nesse fortel at han skal bruka tømmeret til ny bordkledning på løa heime i Vistvik. Han har ikkje furuskog på eigedommen sin, men treng dette for å få offentleg støtte til restaureringsarbeidet sitt. I fjor fekk han lagt nytt tak på løa, og i år blir det altså ny bordkledning. Tømmeret skal han skjera sjølv heime i Vistvik, der han har ei Wood-Mizer bandsag som kan skjera stort tømmer. Den største furua ha fann, er 141 år gammal, og den skal bli til båt, fortel Johannes Nesse til slutt.