SIM sender i desse dagar ut tømmekalenderen for 2007 til alle husstandar i Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes kommunar. Kalenderen fortel kva for turnus bosbilane køyrer (om det er bio, papir eller rest), og kva som skjer dersom tømmedagen treff på ein rørleg heilagdag. – Dersom tømmedagen fell på ein rørleg heilagdag, plar me køyra ruta etter ordinær tømmedag. Men det kan òg henda at me må tømma før vanleg tømmedag, seier Oddgeir Selle i SIM Transport og ber abonnentane sjekka kalenderen, slik at dei får med seg kva som er rett tømmedag.

Årsaka til at tømminga enkelte dagar må gjerast før ordinær tømmedag, er at bosbilane køyrer ruter i fleire kommunar, og at tømminga av og til framskundast i ein kommune for å få kabalen til å gå opp.

Tysnes og Sveio kommunar kjem best ut når det gjeld ruteendringar i 2007. Der blir det endring kun tre dagar i løpet av året. For abonnentane på Austevoll blir det derimot ruteendring 14 gonger.

– Ta vare på kalenderen, så har du kontroll på tømmedagane, seier Selle. Tømmekalenderen kan òg lastast ned frå SIM sin nettstad; www.sim.as

Pressemelding SIM

- Annonse -