Etter ein god start på haustsesongen og tre strake sigrar måtte A-laget til Fitjar strekkja våpen mot Apollo, som blei for sterke og vann 3-1 på Askøy.

På ein smal kustgrasbane satsa Apollo på lange framspel til fysisk sterke spelarar som jobba på kvar ball. Apollo tar leiinga på ein situasjon som burde vore klarert på eit langt tidlegare tidspunkt. Laget legg på til 2-0 etter vel halvtimen; ein Apollo-spelar legg inn frå høgresida, og ballen blir klinka i mål frå 17-18 meters hald. Etter dette er både Mats Brakedal og Brynjar Engelsen åleine med Apollo sin sisteskanse men dessverre utan utteljing, og laga går til pause med 2-0 til Apollo.

Andre omgang fortset med Fitjar som det førande laget, men Apollo er farlege på lange framspel. Fitjar legg om til 3 mann på topp siste 20 minutta for å få ei redusering og ny spenning i kampen. Den kjem 10 minutt før slutt, innbyar og debutant Atle Hætta blir «stussa» igjennom, og åleine med keeper gjer han ingen feil. Fitjar jagar no utlikning, men på eit av dei mange lange framspela legg Apollo på til 3-1 etter ein kommunikasjonssvikt i Fitjar-forsvaret. Siste halvdel av omgangen bruker Apollo store delar til og «hala» ut tida, men utruleg nok legg dommeren berre til 2 minutt, og kampen ebbar ut med siger til Apollo.

Dette var ein kamp der Fitjar-gutane ikkje kom opp på vanleg nivå; Apollo «kriga» best og var best inne i begge «boksane» i denne kampen. Fitjar-gutane må vera meir kyniske og redde for sitt eige mål. I tillegg mangla dei litt i avslutningane i denne kampen.

Neste kamp er heime på graset laurdag 11. september. Då skal eit revansjesugent Fitjar-lag ta imot Trane.