«Utvandra» fitjarbu Tom Wagtskjold speler med band på Tapperiet på Leirvik fredag og laurdag og vil gjerne sjå nokre kjende fjes i salen.

Bandet han spelar i heiter KotelettFeber og held hus i Stavanger/Sandnes. Dei har no spelt i lag i eitt og eit halvt år.

– Me har prøvt å sy saman eit variert repertoar av pop og rock, samt innslag av disco funk og reggea frå 70-talet fram til dagens radiomusikk. Me har hatt ein del spelejobbar og har fått god respons på det me gjer – av eit publikum i alle aldrar. Om ein vil danse til musikken er det fullt muleg, men ein kan òg berre synga med av full hals.

Rytmeseksjonen består av Odd Oppsal frå Vikedal på bass og Roy Hanssen frå Karmøy på trommer. Desse to har tidligare spelt i mellom anna Hårek, spelt backing for Rannveig Johnsen på 80-talet og med Karl Magnus Sjøen og Matti Røssland.

Keyboardist/vokalist Erlend Christensen fra Troms har fire års fartstid på fulltid med band, pluss mange år som pianobar-entertainer. Eg speler gitar og syng, og me har det i grunn ganske løye, reklamerer Tom til slutt.