Ein stor flokk med unge og eldre starta påskefesten med påskefeiring på Fitjar bedehus laurdag kveld. 

Med nærare 90 frammøtte var det tydeleg at denne type møter er populære og viktige for mange. Folk kom frå både fjern og nær og aldersspennet var stort frå dei som ikkje kunne gå til dei som brukte stokk.

Forkynnar Steinar Handeland er talar på påskemøta på Fitjar bedehus i år, og han talte og denne kvelden. I tillegg til å snakka om forsoninga som skjedde i påsken tok han dei frammøtte med til India og Evangelisten sitt arbeid der. 

Dei musikalske innslaga var det den yngre garde som stod for. Først We love Jesus-band med to songar og seinare fire unge, flinke jenter som song den flotte påskesongen Nå kan gleden bryte ut.

Etter møtedelen var det servering av både gryterett, kaker, chips og godteri i påskeegg.

Det såg ut til at folk koste seg rundt borda, der dei vart sittande å nyta all maten og snopet og ein god drøs i lange stunder etter at møtet var over. Ja, er det framleis meir drøs i dei og meir mat på bordet skal ein ikkje sjå vekk frå at dei sit der enno…