Det er ikkje kvardagsleg at  fitjarbuar tek doktorgrad, eller PhD, som det heiter i dag, men fredag 9. februar disputerte Katharina Reksten Tufteland på Høgteknologisenteret i Bergen.

Katharina har jobba systematisk  med doktorgraden sin dei fire siste åra, og emnet ho disputerte i handla om bruk av dataverktøy for å få ein betre forståing av proteinfunksjon. Mellom anna har ho studert minnet til cellene, det vil seie korleis ei celle kan vite kva celletype ho skal bli når ho utviklar seg. Ei celle som utviklar seg til ei kreftcelle, har til dømes gløymt kva for gen ho skulle uttrykkje, og utviklar seg difor annleis enn det ho var tenkt til.

-Forskningsgruppa eg har vore med i har elles laga ein database som kan vera til hjelp i vidare forsking, for å få innsikt i kva protein gjer. På denne måten vert det òg  lettare å gjera eksperiment på lab`en for å for få ein endå betre forståing av proteinfunksjonen, seier Katharina, som kan glede seg over at dei allereie har erfart at databasen deira fungerer i praktisk bruk.

Frå samfunnsvitskap til naturvitskap
Etter ungdomsskulen og vidaregåande på Fitjar/Stord tenkte Katharina at ho ville bli journalist, og meldte seg, etter ex-phil, opp til eit samfunnsvitskapeleg studium, men det enda med at ho tok eksamen i studiet for matematikk og naturvitskap i staden.

Hovudfagsoppgåva hennar (eller Mastergrad som ein seier i dag) handla om  molekylærbiologi, og doktorgraden vart ei vidareføring og spesialisering innan dette feltet.

-Det har vore opp og ned med motivasjonen for å jobbe så hardt og så lenge med dette, men det har likevel vore så interessant at eg aldri har tenkt å hoppa av, smiler Katharina som har fått jobb i Norsk Hydro, som no skal inn i ein spennande symbiose med Statoil.
 –Spennande, seier Katharina Reksten Tufteland,  til slutt.

Artikkel frå papiravisa.