Konserten med KRIK live i Kultursalen i går kveld hadde trøkk nok til å møte ungdommen heime. Det skulle berre vore mange fleire.

Etter å ha høyrt konserten med dette bandet tenkjer me at her skulle det vore ungdommar frå heile øya til stades. Det er ikkje kvar gong denne gjengen gjestar våre breiddegrader. Oftast møter ungdommen dei på større KRIK-arrangement med deltakarar frå heile landet.

For dei 50-60 som var til stades i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i går, var det uansett ei god oppleving, noko ungdommane òg gav uttrykk for etterpå. Her var dei trøkk nok, og i det heile ein musikk KRIK-arane kjende seg heime i.

Det gjaldt òg atmosfæren under konserten, som var prega av ein enkel, men klar og tydeleg bodskap om Jesus. Alt servert på ein truverdig og god måte av KRIK-live.