Vegen til OL i Rio 2016 er veldig lang for kaptein Kari Fykse Lie og det norske rugbylandslaget etter EM på Fana Stadion i helga.

Ukraina – tøff turneringsfavoritt
Dette var første gongen det norske damelandslaget i Rugby Sevens (sjuar-rugby) spela meisterskap på dette nivået, nest øvste divisjon i Europa. Første motstandar for Noreg på Fana Stadion laurdag morgon var turneringsfavoritten Ukraina. Det viste seg snart at motstanden blei i sterkaste laget for dei norske jentene.

Førre møtet mellom dei to laga enda med 50-0 til Ukraina. Derfor var det ikkje noko sjokk for Kari og lagveninnene hennar at Ukraina framleis er eit lite nummer for store. Favorittane gjekk snart opp til 5-0, og leia 10-0 til pause. Men sluttresultatet 22-0 til Ukraina var slett ikkje så ille som det kan høyrast ut.

Uvant poenberekning
Poengberekninga er nemleg ikkje slik med er vane med frå andre ballspel. Når ein spelar klarer å ta ballen med seg gjennom forsvaret til motstandaren, og kan leggja han kontrollert bak dødlinja, får laget nemleg 5 poeng i ein eingong. I tillegg til fem poeng for ein slik «try», får laget høve til å scora to poeng til i same slengen, på ein «conversion». Dvs. at ein drar ballen bak på banen rett bakover frå det punktet spelaren kryssa dødlinja med ballen, og derfrå gjeld det å skyta mål på direkten.

Den særs velvillige speakeren Andrew, med sørfrikansk aksent, takka det norske laget for «doing a grat job». Landslagskapteinen frå Fitjar var og relativt fornøgd med kampen. Både Kari og dei andre norske spelarane visste at det ville bli vanskeleg, og var fornøgde over ikkje å bli overkøyrde av tureringsfavorittane.

Tap mot Sveits og Romania
Til møtet med Sveits var nok vonene om siger større, men kampen blei eit vonbrot. Dei norske jentene kom bakpå frå byrjinga, og før dei visste ordet av det, var Sveits i føringa. 0-22 ved pause var uråd å ta att, sjølv om dei sikra seg 7 poeng etter den korte kvilda.

Kampen mot Sveits viste at det norske laget har for lite fart. Det same viste seg i den siste kampen, mot Romania. Laget med dei ivrigaste supporterane på tribunen hadde stor fart, og spesielt Alina sprang gjennom det norske forsvaret gong på gong. Dermed blei det heile 0-26 til slutt.

Vann skjebnekampen og berga plassen
Etter tre tap laurdag hamna Noreg i «nedrykkspuljen» søndag, dette er eit cupspel om dei fire siste plassane i turneringa. Her spela Noreg ei flott kamp mot Kroatia, og vann heile 17-0. Som vanleg var kaptein Kari Fykse Lie blant dei beste på bane, og denne gongen scora ho 10 poeng. To gonger kom ho gjennom forsvaret til Kroatia til ein «try» og scora for Noreg.

Med sigeren over Kroatia var plassen i puljen berga, noko som vel var det aller viktigaste denne helga. Den siste kampen søndag gjaldt 9.-plassen i EM. Her hadde jentene von om revansj mot Sveits, men også denne gongen viste dei sveitsiske jentene seg altfor gode. Dermed enda det norske laget på 10.-passen i EM.

Langt til Rio
Etter at det norske laget ikkje kom seg til finalen i EM på heimebanen, er vegen til OL i Rio 2016 veldig lang. Etter det me forstår på  Gavin Collins, visepresident i Norges Rugbyforbund, er det framleis ein teoretisk sjanse. Då må det norske laget vinna ei turnering i utlandet til neste år. Men sjansane til å koma til OL er meir enn «slim».

Rugby ein sympatisk idrett
Etter to dagar med fin «eksotisk» idrett og god stemning på tribunen på Fana Stadion, er det ingen tvil om at rugbysporten har vunne fleire nye venner. Sjølv hadde jentene hadde jentene håpa på endå meir publikum, men oppslutnaden var slett ikkje verst.

Ingen kunne la vera leggja merke til den gode stemninga blant spelarane. Sugande taklingar og riving i trøya kan sjå brutalt ut for oss fotballfolk, men ingen gjekk inn for å skada kvarandre. Og ingen protesterte på avgjerdene til dommarane! I så måte har me mykje å læra av rugby.

Me ønskjer Kari Fykse Lie og det norske landslaget lukke til vidare, sjølv om det er veldig langt til Rio.