Fitjar får ein tøff sesongstart når dei møter Austevoll IK i første seriekampen i 4. divisjon fotball i april.

Terminlista for årets 4. divisjon er klar, og startar med ein skikkeleg godbit. Naboane våre nordom fjorden kjem på besøk til Fitjar Idrettspark i serieopninga onsdag 23. april. Så seint som for tre år sidan spela Austevoll IK i 2. divisjon, men sidan har dei opplevd to nedrykk.

– Det blir kjekt med ein flying start, seier Fitjar-trenar Kjell Træet. Men han er nok ikkje så sikker på siger som han høyrest ut.

Trenar for Austevoll IK i år er Stian Hovland, som var med og trente laget opp i 2. divisjon i 2010. Han seier til Fitjarposten at ambisjonane ikkje er fullt så høge i år. – Me håpar å liggja i toppen, seier han.

Men fleire av spelarane frå i fjor er borte. Storscoraren Trond Heggestad, årets spelar i 3. divisjon i 2013, har ikkje vist seg på trening. Tord Harald Skår har gått til Stord, og Marius Mikkelsen er på veg bort. I tillegg er eit par av dei etablerte spelarane usikre, seier AIK-trenaren. Men veteranane Kurt Hovland og Inge André Rabben er med for fullt.

For tida har Austevoll-trenaren over 25 mann på trening, men ikkje alle desse er aktuelle for A-laget. Etter kvart vil han ta ut ein A-lagsstall, med ein del unge spelarar, men utan nye, kjente namn. Kor langt det rekk i serien, er trenaren litt usikker på. – Me får sjå kor ivrige spelarane er, seier Stian Hovland.

Året 4. divisjon inneheld fleire godbitar, blant anna møte med Bremnes og Trio. Heile terminlista kan du lesa her.