Vidar Larsen i fint driv. Foto: Håkon C. Hartvedt

Om me ikkje vart imponerte over deltakartalet, vart me imponerte over sykkelryttarane som deltok på Tour de Svartavatnet, i føremiddag. 

Å ta seg frå Fitjar sentrum til Svartavatnet på nokre og tjue minutt er svært sterkt.

Me hadde teke stilling ved sida av «brua» ved Olstjønn, og vart beint fram forskrekka då førstemann passerte oss berre eit kvarter etter at starten var gått ved Rådhuset. Og ikkje lenge etter kom dei andre.

Av fitjarbuar som deltok såg me ikkje mange, men dei me såg imponerte sanneleg dei òg. 

Trasseen er elles fantastisk. Det er berre å vona at dette rittet fortsett. Her møtest sportsprestasjonar og fitjarnatur i ei suverent bra setting. Ingen grunn til å ikkje marknadsføra denne endå vidare neste år.

Vidar Larsen i fint driv. Foto: Håkon C. Hartvedt

Bjørn William Strand vann suverent. Her passerer han
Bjørn William Strand vann suverent. Her passerer han «brua» ved Olstjønn, 15 minutt etter starten ved Rådhuset i sentrum av Fitjar. Foto: Håkon C. Hartvedt