Frida Sævdal fann verkeleg tonen med minigrisane som var utstilte under Fitjarfestivalen.

 

 

 

Fitjar Bondelag og Øvrebygda 4H hadde fått sitt hjørne i sentrum, der ungar og vaksne fekk nærkontakt med landbruket. Kjekkast for ungane var nok alle dei dyra som også var på festival. Her var rolege hestar, kalvar som «dansa Daniel», minigrisar (potensielle stovegrisar) og kaninar, i tillegg til sal av poteter og egg.

 

Eliah Kjeilen Drivenes tok turen frå Austevoll for å treffa Nino (kvitspraglete) og Kosen (i bakgrunnen) på dyreutstillinga. Foto: Arne Vestbøstad

 

 

Kjendiskanina Nino, som vart meir eller mindre berømt etter å ha vore på videvanke, var på plass, saman med Kosen, og blei flittig mata av ungane. Også minigrisane Peppa Gris og Seniorita Margerita fekk metta si, når dei i tillegg kunne gafle i seg av plenen dei stod på.

 

Det var kjekt å sjå på dyra, både for unge og vaksne. Foto: Arne Vestbøstad