Kulturprisen 2007 går til Kari Ivarsøy og Lauritz Westerheim vedtok Fitjar formannskap i går.

Kari Ivarsøy får prisen for sitt arbeid med å samla gamle åklemønster frå Fitjar med øyane. Mønster som ho har teikna av, rekonstruert, vove opp att og utstilt i foajeen i Kulturhuset. På denne måten har ho teke vare på gamle kulturskattar som lett kunne gått tapt. Ho går òg med tankar om å gje ut ein mønsterbok av åkle frå Fitjar. I tillegg er ho ein stor tekstilkunstnar. Ein svært dyktig vevar av åkle, biletvev og kunstvev, og ho nyttar mange forskjellige teknikkar. Mange av strikke mønstra har ho teikna sjølv, og har hatt både salsutstillingar og utsmykningoppgåver.  Teppe og strikkeplagg laga av Kari er blitt selde over heile landet.

Lauritz Westerheim har gjennom mange år arbeid med å ta vare på den verdfulle historia kring sildefisket i distriktet vårt, og har i denne samanhengen laga detaljerte kopiar av dei fleste fiskebruka i form av modellbåtar og utstyr som vart nytta ved dette fisket. Modellbruka har han stilt ut  i eit lokale i løa i Westerheim.

-Alt dette er no historie, men det arbeidet Lauritz her har gjort er med på å gjere oss i stand til å gjennoppleva denne tidsepoken, heiter det mellom anna i grunngjeving rundt Lauritz sin pris.