Etter sigeren mot Team Automester torsdag kveld blir det sølvmedalje for 2arlaget i bedriftsserien i år.

Toarlaget til Fitjar IL har hatt ein god sesong i årets bedriftsserie, sjølv om dei ikkje klarte å forsvara førsteplassen frå i fjor.

Torsdag kveld møtte dei botnlaget Team Automester i ein særs våt kamp på kunstgraset heime. Bortelaget viste seg både innsatsvillige og aggressive, og leia lenge kampen. Men med fleire pene scoringar mot sluttten kunne 2arlaget innkassera tre velfortente poeng.

Dermed var sølvmedaljane i bedriftsserien 2012 sikra. FK Storm har allereie vunne serien, med sine 55 poeng.