Under anbodsopninga for nye Rimbareid skule på Fitjar Rådhus låg det føre to tilbod på hovudentreprisen.
Dei to entreprenørane som hadde lagt inn anbod var Engevik & Tislevoll AS som gav eit tilbod på kr 50 160 863,- og Engelsen Bygg AS som tilbaud å gjere arbeidet for kr 57 941 000,-
I ein kommentar understrekar Tore Nesbø i Fitjar kommune at prisen er berre ein av faktorane som vert vurdert når oppdraget vert tildelt. Avgjerd i saka vert teken på kommunestyremøtet 20.06. i år.