I dag 9. november er det meldt om to nye smittetilfelle i Fitjar kommune.

Ordførar Harald Rydland kan opplysa om at det gjeld ein person som er busett i Fitjar og arbeider i annan kommune, samt ein nærkontakt til denne.

– Begge er no i isolasjon og nærkontaktar er i karantene. Smittekjelda er truleg utanfor kommunen.

I denne bølga av pandemien er det til no påvist 8 koronasmitta i Fitjar. Totalt 17 tilfelle i år.

Digital løysing

Rydland kan vidare meddela at ein no kan bestilla time digitalt hos koronasentralen på Heiane her.

Koronasenteret for Fitjar og Stord har adresse Ringvegen 24 på Heiane, og er ogso å treffa på tlf. 53 49 66 66.

Ordføraren har ingenting anna å tilføya, men viser til dei lokale reglane som gjeld frå og med i dag, og i to veker fram tid.