Arkivfoto/pressefoto

Ordføraren Harald Rydland melder i dag om at det er registrert to nye smittetilfelle i Fitjar. 

– Dette gjeld ein person som kom frå utlandet, samt den einaste nærkontakten som vedkommande har hatt. Det er ikkje noko som tyder på at desse to har spreidd smitten vidare til andre, då dei har vore i karantene fortel Rydland.

I haustbølga av pandemien er det til no påvist 11 koronasmitta i Fitjar. Sidan i vår har Fitjar til saman hatt 20 tilfelle. 

Ordføraren melder om at dei har gjort ei lita endringa i besøksrutinen på sjukeheimen:

– Mange ynskjer å besøka sine kjære no i julehelga. For å ivareta dei som bur der, dei tilsette, og dei pårørande sitt ve og vel, er det innført visitt-tider kl. 10.30 – 12.30 og 16.00 – 18.00 kvar dag.  No treng ein ikkje avtala besøk på førehand.  Vedtaket om bruk av munnbind, to meter avstand og maks to personar på besøk om gongen gjeld framleis.