To bilførarar fekk førarkortet beslaglagt då UP gjennomførte fartskontroll på E 39 i Fitjar tida 18.15 – 21.30 i går kveld.

Vidare vart det skrive 13 forenkla førelegg.

-Dei to som mista lappen køyrde i høvesvis 86 og 94 km/t i 60 km sone, opplyser operasjonsleiar Agnar Austerheim ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.