To bilførarar mista lappen då UP gjennomførte fartskontroll i 60-sona på E-39 ved Engevik tidlegare i dag. Det vart i tillegg skrive ut åtte førelegg. -Høgaste fart var på 88 km/t i 60-sona, fortel operasjonsleiar Jan Magne Østebøvik i politiloggen.