To år på rad har Stord Videokiosk på Fitjar betalt ut kjempepremiar til lukkelege spel-vinnarar.

I fjor var det ein som vann 500 000 kroner på Keno. Sist søndag vart ein fitjarbu 500 000 kroner rikare på Flaxlodd.

Fitjarbuen, som ikkje ønskjer å stå fram med namn og bilete på fitjarposten.no, fortel følgjande om denne spesielle opplevinga:

– Eg hadde tenkt meg til Vikjo på bowling, men ville kjøpe ein pizza på Videoen først. Mens eg venta på maten, kjøpte eg nokre lodd, og vann nokre småsummar på dei første. Til slutt tok eg to til og vart forskrekka over det eg såg. Her var det mykje nullar. Hadde eg vunne stort? Eg måtte få butikkeigar Tom Hillestad til å stadfeste det. Jovisst! Eg hadde vunne 500 000 kroner! fortel fitjarbuen.

Det vart ikkje bowling den kvelden. Heller ikkje pizza med ein gong.

– Eg klarte rett og slett ikkje å ete pizzaen der og då, så opprømt var eg, legg fitjarbuen til.

Han fortel elles at han har vunne mykje tidlegare og, men aldri summar i noko som liknar på denne storleiken.

– Kva skal du bruke pengane til?

– Eg har sett av 440 000 til sparing i banken, og så får me sjå etter kvart, smiler den heldige fitjarbuen.