Konserten med Tom Wagtskjold og Årstein Tislevoll, som kallar seg «To på tiltak» vart ei svært hyggjeleg oppleving.

Dei to karane spelte stort sett kjende og kjære coverlåtar i eit svært vidt repertoar.  Frå Beatles, Johhny Cash og Neal Young via smurfane til country og norske artistar som Ivar Medaas og Bjelleklang.

I tillegg er det i seg sjølv ganske imponerande å halde det gåande i fire timar, berre inkludert ein kort matpause. Og det utan å framføra ein einaste song to gonger.

Under opninga tidlegare i dag var rundt 500 personar innom restaurantteltet. Så mange var det ikkje under konserten i kveld. I starten var det rett tynt med folk, men det auka på etter kvart, så at det til saman kan ha vore 150-200 innom, trur me. Men det skulle vore fleire etter vårt syn.

Om ikkje songane var tiltenkt dei aller yngste, var det noko for einkvar smak for dei frå 30 og oppover. Og talenfulle er dei, både Tom og Årstein, multimusikarar som dei er.

Alt i alt eit svært godt tiltak av dei to.