Ein køyretur rundt i fitjarbygda i føremiddag gav signal om at noko spesielt var på gang.

Eit skilt påskrive øving stod i vegkanten. Snart oppdaga me bilar og anna utstyr frå Fitjar brannstell, men lite røyk var å sjå. Etter samtale med brannsjef Trygve Nesbø kom det fram at dette skulle vere ei kontrollert nedbrenning av eit gammalt hus.Slike øvingar er både viktige og pålagde for brannmannskapa. Røykdykkarar må ha ei planlagt øving kvart år, og i dag fekk dei testa ferdighetane sine. Totalt ti brannmenn  og alt utstyr som trengst i slike høve var med under nedbrenninga.

Seinare på dagen var Terje Peder Thorland på plass med gravemaskin for å rive det gamle Salamon-huset som ligg ovanfor prestegarden. Huset måtte vekk på grunn av vegutviding.