Under kveldens UKM-mønstring på Stord gjekk dei to Fitjar-ungdommane Tor Håkon Aarbø og Christina Ringheim Koløen vidare.

Ungdommens kulturmønstring gjekk av stabelen i Stord kulturhus i kveld, med tre Fitjar-ungdommar på scenen.

Susanne Vestbøstad song «Take me to church», men kom dessverre ikkje vidare.

Betre gjekk det for dei to andre fitjarbuane som var med, Tor Håkon Aarbø og Christina Ringheim Koløen.

Tor Håkon gjekk vidare etter å ha spelt «Pirates of the Caribbean» på piano.

Christina framførte ein monolog om oljebarna. – Dette handlar om kor bortskjemte ungdommane som veks opp med olja er; det handla om mote og kroppspress, fortel ho.

No kan Christina og Tor Håkon sjå fram til neste runde, som går av stabelen i Bergen 18. og 19. april.

Me gratulerer med innsatsen, og ønskjer lykke til vidare.