Gunnar Nagell Dahl og Ole Andersen hadde ein plan for det dei skulle lage.

Då fitjarposten.no møtte desse i går, var menyen endra. Kokkane hadde vore ute og samla råvarer frå Fitjar: angus, gris, hjort, laks, leverpostei, krabbe, syltetøy, rotgrønsaker, poteter, urter, knekkebrød, mjølk og fløte. Gunnar og Ola fortel at dei blei inspirerte av råvarene som var tilgjengelege, og så låg det an til å bli 5 – 7 rettars middag som skulle vere ferdig til kl 15.00. Seinare har me fått høyre korleis det gjekk då rundt 35 personar var sessa for å nyte maten. Gjester var hovudsakleg folk som tidlegare på dagen hadde vore travelt opptekne med utstilling, smaksprøver og sal av produkta sine. Maten var fantastisk god, sa Odd Bondevik då me snakka med han på telefon i kveld. Me tek med ein kort presentasjon av kokkane. Gunnar Nagell Dahl arbeider som matattache hos fylkesmannen i Hordaland. Ole Andersen er blant anna kjend frå restauranten Fengselet på Leirvik. No er han engasjert i prosjektet Råvarer i Sunnhordland. Begge to ønskjer å oppmuntre til nytenking: Me må ta fram det me har, selje det og auke tilgjengelegheten.

Elles kan me nemne at laurdagens marknad er eit ledd i Fitjar Meieri sitt arbeid ved Odd Bondevik, for å realisere ein organisasjon for lokale matprodukt i Fitjar. Han har tidlegare sagt at ein vil gjere det lettare for den enkelte produsent å kome ut på marknaden med produkta sine. Samstundes ønskjer ein å skape ei lokal merkevare. Denne kan ein så fremje på matfestivalar til dømes i Bergen og Stavanger. For fitjarbuen kan det truleg bli slik at ein finn fleire lokalproduserte matvarer i butikkane i framtida. Odd Bondevik er interessert i fitjarbuen sitt syn på ovannemnde planar. Han seier: Velkomne med innspel!