Frå Tyrvinglekene tikkar det inn melding om at Tone Sandtorv Brakedal har oppnådd 3. plassar og bronsemedaljar, på 60 m og i høgdesprang.

På 60 m, i konkurranse med 51 av landets raskaste 12-åringar, sprinta Tone inn til tida 8,75 og altså ein glimrande 3.plass! Løpet gjekk i motvind (-1,1), så dette var eit endå betre løp enn persen hennar (8,69) frå Mailekene tidlegare i år.

3. plassen i høgdesprang kom etter at ho svinga seg over 1,30 m.Tone var noko skuffa over resultatet, men la grunnlaget for også denne flotte pallplaseringa med få riv tidleg i konkurransen.

Ho gjorde også ein fin figur på 200 m. Denne distansen har ho ikkje sprunge i konkurranse før, og difor kom ho ikkje i det beste heatet. Tida 29,29 heldt likevel til ein strålande 6.plass av nærare 50 deltakarar.