Onar Westerheim kom heim med to bronsemedaljar, men nådde ikkje opp på pallen samanlagt i årets VM på skeiser for veteranar.

Sist helg var Onar på rekordbanen i Calgary i spissen for ein trio som er blant dei sprekaste veteranane i verda. Med seg hadde han bror sin, Harald Westerheim, og det faste reisefølgjet frå Stord, Jan Henriksen.

Alle tre gjorde sine saker bra i møtet med verdseliten i klassane M65 og M70. Som vanleg gjorde Onar det best, sjølv om han måtte nøya seg med den «sure» fjerdeplassen samanlagt. Han låg lenge an til å berga samanlagtbronsen, men dei siste rundane på den avsluttande 3000-meteren gjekk litt for sakte. Dermed blei det fjerdeplass, rett bak landsmannen Egil Bokn.

Vinnar samanlagt blei amerikanaren John Diemont, som blant anna sette verdsrekord på 500 meter med 42,08. – Han kom som ei stor overrasking, seier Onar, me hadde ikkje rekna med han på førehand. Andremann samanlagt var derimot ein gammal kjenning, Wibe Veenbas frå Nederland. Landsmannen hans, Pieter den Dunnen, ein annan gammal rival, enda på plassen bak Onar samanlagt.

Onar fekk ein god start på meisterskapet med bronsemedalje på 500 meter med 43,76. Etter fjerdeplass på 1000 meter og femteplass på 1500 meter hadde han gode sjansar til ein pallplass samanlagt. Men avslutninga på 3000 blei litt for svak, sjølv om det blei bronsemedalje på distansen, med 4.43,21. Alle tidene var årsbeste for Onar. – Men det er normalt, når me kjem bort på denne rekordraske banen, seier han.

På spørsmål om han synest det var vel langt å reisa for to bronsemedaljar, er Onar heilt klar. Det var absolutt verdt turen. Dei hadde eit strålande opphald i Canada. Det er eit flott miljø, og det er alltid like kjekt å møta konkurrentar frå fjern og nær.

For Harald Westerheim blei det òg eit vellukka stemne, sjølv om han måtte nøya seg med 10-plassen samanlagt. Han er blant dei eldste i klassen M65. Særleg 3000 meter på 4.47,95 var eit godt løp, det beste han har gått på mange år. Han gjekk jamt som ei klokke og varierte med 0,7 sekund på rundetidene. Jan Henriksen frå Stord kom på femteplass i klassen M70, med 500 meter på 47,63 som beste prestasjon.

Resultat frå stemnet kan du lesa på nettstaden SpeedskatingResults.com.

Ein ny sjanse til å vinna heider og ære kjem i NM i Bjugn helga om tre veker. Og 20.-22. mars er det VM i sprint i Kolomna utanfor Moskva. Harald er ingen sprintar, og blir ikkje med, men i staden reiser den gamle storsprintaren Henning Nordfonn. Her har Onar så absolutt sjansen til ein pallplass, men då må alt klaffa.

 


Gruppebilete av heile Stord-gjengen i Calgary. Jan Henriksen, Harald Westerheim, Onar Westerheim, Espen Nordfonn, Elise Aarbø og Magne Notland. Heilt til høgre «The grand old man» Arne Kjell Foldvik, som sette fem nye verdsrekordar i 80-årsklassen, blant anna 49.98 på 500 meter.